MITT HJERNESLAG, OG VANSKANE MED ROM-/TID ORIENTERING

Den største utfordringa, for min del etter hjerneslaget, er av kognitiv art. Og da først og fremst hukommelsen.
Alle mine venner og bekjente, veit jo dette, og kan seie «slapp av Frode, vi veit at du kan ha vanskar med å hugse. Ikkje stress».

MEN eg har og fått ei anna betydeleg utfordring, nemleg vanskane med rom-/tidsorientering. Som langt færre av venner og bekjente, veit nokke særleg om.

Som mange vel har fått med seg, går det no (januar 2021), eit handball-VM. Og sist søndag, 24/1, spilte Island-Norge (35-33). Men KOR ER NO Island?! Eg brukar i slike høve ofte ein strategi: Ja, Polen, kan eg (tilfeldigvis no) plassere i hodet, og vidare nordover, har vi jo Danmark, Norge… og enda meir nord har vi jo Grønland, -og Island! Da har eg «oversikt» over geografien!
Men så var det verda/verdsdelar ellers da… Eg brukar da ofte
ein «strategi»; eg kan tenke på søskenbarnet mitt Berit! Som
bur i Chicago! Da har eg Nord-Amerika, Sør-Amerika,
Brasil/Rio de Janeiro… (der eg har vært!). Men kor var no
f.eks Australia? Da kan eg jo begynne å «klatre» meg oppover
fra Sør Afrika, så vidare nordover i Afrika, til Stillehavet, India,
Asia. Og «rett over» der, har vi jo Australia!
Mens så var det den TIDA da. Eg var på besøk hos nokken
venner …i januar, februar, mars… i juni! Og så har eg ein
avtale i neste uke… mandag, tirsdag….fredag!

Desse vanskane, kan forklarast med kor i hjernen,
hjerneblødninga oppsto. Eg har jo sjølvsagt lest om dette.
For det er veldig greit å forstå litt meir, om hjernen.
Og korfor ting har blitt, som dei har blitt.
Eg har for lenst forsona meg, med det som har skjedd. (kva anna skulle eg gjere?!)
Men eg tenker av og til kor RART dette kan vere! Kanskje er det fleire, som kan ha liknande erfaringar?








Rull til toppen