Julebord på Stord 21. november!

Dette blei ein svært hyggeleg samankomst, som samla 29 fra Hordaland, naturleg nok flest i fra Stord og omkringliggande stader. John Laukhammer ønska velkommen til bords, der ein kunne velge mellom juletallerken og lutefisk.


Knut Vika, Åge Ottesen, Kjell Aasheim varta opp med «Vestlansorientert» musikk som falt i smak!


Logoped Reidun Årskog, holdt eit interessant foredrag om afasi, som ein ikkje ubetydeleg del med hjerneslag, har fått oppleve. Afasi er svikt i evna til å bruke og forstå ord, sjølv om både musklane som brukast i talefunksjonen og nerveforsyninga til desse musklane, er intakt. Tanke- og følelseslivet, og intelligens til ein person med afasi vil ofte vere heilt i orden.

Britt Thorland Gravdal, leiar Stord LFS

Nestleiar i LFS Hordaland Harald Norheim med kona Maria Dressler