Funkisdagen 2017 i Bergen.

Lørdag 24.juni blei Funkisdagen 2017 avholdt, på Festplassen! Funkisdagen er ei årleg hending, som dei siste åra har veksla mellom å blitt arrangert i Bergen og Stavanger. Ei heil rekke organisasjonar for ulike funksjonshemmingar, var representert. Sjølsagt Handicapforbundet, men også ulike «diagnoseforbund» .Og politikarar fra ulike parti. Også Landsforening for Slagrammede i Hordaland var representert, med eigen stand, og vi var godt synlege i biletet. Vi delte ut informasjonsbrosjyrer om hjerneslag, om symtomar på dette, og kor viktig det er å ringe 113, snarast råd. Og informasjon om LFS. Mange kom bort for snakke med oss!